Etterlyser kaiplass til den lokale fiskeflåten

Vanskeleg å finne kaiplass i Florø for fiskeflåtenn.

Vanskeleg å finne kaiplass i Florø for fiskeflåtenn. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

FLORØ: – Når lokale fiskefartøy kjem inn til byen for å handle, så er det vanskeleg å finne plass å leggje frå seg båten, seier fiskar Ståle Karstensen.

DEL

Han er mannskap om bord i «Bluefin» for tida, men har sjølv opplevd og sett denne utfordringa mange gonger dei siste åra. Særskilt no på sommaren er det vanskeleg å komme til kai i kystbyen.

– Fiskeflåten i Flora legg att ein god del verdiar til handelsstanden, men dersom det skal vere så kronglete å komme seg til kai, så gir det negativ effekt på handelen, påpeikar Karstensen.

Han viser til at Flora Fiskarlag har hatt ein god dialog med styreleiar Hallgeir Helland i Flora Hamn KF og hamnesjef Audun Korneliussen. No fryktar han at det positive samarbeidet som var etablert for å finne løysingar, kan bli sett tilbake. Som kjent blei heile hamnestyret i Flora Hamn KF skifta ut i siste bystyremøte

Artikkeltags