- Vi er klar over at fylkeskommunen rår over små ressursar. Desto viktigare er det å prioritere. I RTP, som skal vedtakast i desember, må fylkeskommunen signalisere klare ambisjonar for kystregionen ved først og fremst å prioritere sambandet mellom Florø og Måløy («45 min regionen») og vedta ein strategi for å realisere kystvegen gjennom Sogn og Fjordane, lyder det i eit vedtak frå styret i Kystvegen Bergen-Ålesund.
Eivind Hjellum er prosjektleiar for styret der Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen er styreleiar. Jan Helgøy ordførar i Vanylven er nestleiar. I styret er også Anders Riise, ordførar i Hareid, Arve Helle, ordførar i Fjaler, Karl Vidar Førde- ordførar i Bremanger, Karstein Totland, ordførar i Masfjorden. Lars Hellandsjø er med som næringslivsrepresentant.
I Hordaland er Kystvegen på plass. Der vert det arbeidd med fleire tiltak som vil bli nyttige også for Sogn og Fjordane, m.a. Masfjordbru og tverr-samband frå Mongstad til Øygarden.
Møre og Romsdal har fungerande veg frå fylkesgrensa til Ålesund og arbeider for å gjere den ferjefri. M & R har til høyring ein plan for «funksjonsinndeling» av sine fylkesvegar. Framlegget tilrår å klassifisere kystvegen (FV61) i funksjonsklasse A, «Svært viktige vegar - Regionale hovudvegar med tilnærma riksvegfunksjon».
- Vi gler oss til å sjå like store ambisjonar frå Sogn og Fjordane, understrekar prosjektleiar Hjellum.
Nettsida til Kystvegen.