Gå til sidens hovedinnhold

– Erna Solberg braut lova

Artikkelen er over 12 år gammel

Tor Bremer (Ap) skuldar no Erna Solberg for uføret Terra-kommunane Vik og Bremanger har kome i.

Det mykje omtalte Vik-brevet på slutten av 1990-talet som godkjente låneopptak gjennom Terra-systemet, var signert av kommunalministeren. Det var den gong Erna Solberg, som i dag er statministerkandidat i Høyre.

No har Terra-kommunane Haugesund og Narvik vunne fram i engelsk rett mot britiske Depfa Bank. Det domstolen konkluderte med var at låneopptaka var gjort i strid med den norske kommunelova. Retten i England baserte seg på norsk lovgjevning etter dei fremste jusprofessorane i Norge sine forklaringar.

Tor Bremer fortel til Firdaposten at denne saka har stor relevans for Vik og Bremanger.

– Meiner du Erna Solberg har eit ansvar her?

– Det er klart at hennar godkjenning var det som legitimerte låneopptaket desse kommunane gjorde i si tid.

– Så ho må ta ansvar?

– Ja, det er klart ho hadde eit politisk ansvar. På grunn av henner godkjenning må kommunaldepartenetet i dag ta eit økonomisk medansvar. Etter mitt syn er det ikkje innbyggarane i kommunane som skal slite med Terra-skandalen det er bankane og kommunaldepartementet som no må bere byrdene av.

– Denne ska bevisar at DnB Nor har eit mykje større ansvar enn dei har vedgått til no. Dei viste kva pengane skulle gå til og no viste det seg at det ikkje var lovleg det dei gjorde.

– Er dette gunstig sak for deg no i valkampen?

– Spør du meg er det viktige ideologiske spørsmål. Høgre meinte det gode rådet var å plassere pengane i marknaden. Det har viste i dag å ikkje vere ei god investering. Dei norske kommunane var det første offer i finanskrisa, så dette er også ei viktig prinsipiell sak, seier han.