Gå til sidens hovedinnhold

"Erliner" i hardt ver ved Færøyane

Artikkelen er over 15 år gammel

BREMANGER: Autolinebåten ”Erliner” fekk natt til onsdag ein brottsjø over seg på fiskefeltet ved Færøyane. Båten fekk skade på frammast og utstyr på dekk, og gjekk inn til Færøyane for reparasjon.

”Erliner” er no i fiske att.

Uhellet skjedde natt til onsdag. Det var eit forrykande uver i området der båten låg og fiska. Brått fekk båten ein brottsjø over seg, men i følgje ein av eigarane i land, Knut Igland, var det aldri nokon dramatikk om bord. Brottsjøen gjorde skade på festet på frammasta, samt dekkslys og ein lyskastar. Ein del utstyr på dekk fekk også hard medfart.

– Begge radarane slutta også å virke, så etter at stormen hadde lagt seg litt, gjekk båten inn til Færøyane for reparasjon, der skadene vart utbetra torsdag. Utpå kvelden var båten klar, og er no ute på fiskefeltet att, fortel Igland.

”Erliner” la ut på ein ny sju vekers linetur like etter årsskiftet, men uhellet ved Færøyane vil ikkje føre til forseinkingar i fisket. Turen held fram som planlagt, og båten er venta heim i slutten av februar.