Erlend Toftesund tek over roret i Saga Fjordbase

Erlend Toftesund tek til i stillinga som administrerande direktør i Saga Fjordbase 1. oktober 2018.

Erlend Toftesund tek til i stillinga som administrerande direktør i Saga Fjordbase 1. oktober 2018. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Går frå jobben i Fjord1

DEL

Tysdag kunngjorde INC Gruppen i ei pressemelding at Erlend Toftesund (38) har takka ja til stillinga som administrerande direktør i Saga Fjordbase.

– Eg ser fram til å ta til som administrerande direktør, seier Toftesund til Firdaposten og legg til at han tek til i stillinga i ei veldig spennande tid for basen.

– Det er mykje spennande på gang framover, mellom anna Snorre Expansion-prosjektet, auka leiteaktivitet på sokkelen, og PGS som sjølvsagt vil auke aktiviteten på basen. Så det er mykje spennande som går føre seg, strekar Toftesund under.

Han tek til i jobben 1. oktober 2018, og tek over etter Leif Stavøstrand som har vore administrerande direktør sidan 1. April 2016. I haust bestemte Stavøstrand seg for å gå over i anna arbeid. Han skal ta over selskapet Coast Innovation AS, som er starta og drive av Leif sin far, Gunnar Stavøstrand (67).

Erlend kjem frå stillinga som regionleiar i Fjord1. Han har jobba i fleire år som avdelingsleiar og assisterande forsyningssjef ved Statoil sitt kontor i Florø. Det gjer til at han har god kjennskap til dagens forsyningsdrift og struktur på Fjord Base. I tida frå han slutta i Statoil til han byrja i Fjord1 har han jobba som logistikksjef i Det Norske Oljeselskap og som Seniorrådgivar i Aker BP. Han har også erfaring innan innkjøp og kontrakt.

Toftesund har ein mastergrad i informatikk og logistikk, i tillegg til fordjuping innan Supply Chain Management.

Konserndirektør Geir Johannessen i INC Gruppen vil leie Saga Fjordbase frå 1. april fram til Toftesund tek over. Han er overtydd om at dei har funne rett mann til jobben.

– Erlend Toftesund har ein god bakgrunn frå logistikk, og djuptgåande bransjekunnskap frå Statoil, DNO og Aker BP og regelverket vi opererer under. I tillegg har han ei god utdanning. Han bur i tillegg i Florø, og han kjenner basen og kundane våre godt frå før, så vi meiner han passar til det vi har tenkt han skal bli, seier Johannessen.

Saga Fjordbase AS

  • Saga Fjordbase AS er baseoperatør på den største forsyningsbasen i Norge, Fjord Base, og er eitt av dei 13 selskapa i INC Gruppen.
  • Selskapet leverer tenester som pakking, merking og forsendelse, transport og løft på basen, lasting og lossing av fartøy, verkstad for tyngre maskiner, OCTG-handtering og lager inne- og ute, spedisjon, sjøtransport, veg- og lufttransport.
  • Saga Fjordbase driftar heilt eller delvis mange av basekundene sine lager på basen og har inngående kunnskap om logistikk og transport mot operatørar, kundar og leverandørar i olje- og gassnæringa.
  • Basen sysselset ca. 570 personar og hadde 350.000 tonn gods over kai i 2016.

Artikkeltags