Enorm respons på byakvarium

INSPIRERT: - Den store gjevargleda eg har opplevd siste veka varmar, og gir motivasjon til å halde fram med byakvarium-prosjektet, seier Monica Landøy.

INSPIRERT: - Den store gjevargleda eg har opplevd siste veka varmar, og gir motivasjon til å halde fram med byakvarium-prosjektet, seier Monica Landøy. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Sjå kva Monicha Landøy har klart å samle inn på berre ei veke.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Veka vi har lagt bak oss har Monicha Landøy brukt til å banke på dører hjå verksemder og butikkar i Florø. Preparanten og initiativtakaren til byakvarium i Florø er svært positivt overraska over gjevargleda og interessa for prosjektet.

- Eg har fått tilsegn om til saman 130.000 lokale kroner den siste veka. Responsen er heilt utruleg! I tillegg til reine pengar vankar det også mykje ros for tiltaket. Det fortel meg at folk verkeleg ønskjer at Florø skal ha eit byakvarium, seier Landøy.

Ho har så langt vore i kontakt med eit hundretals potensielle bidragsytarar. Og innsamlingsaksjonen held fram.

- Eg kjem til å banke på dører også dei to komande vekene. Deretter må eg ta ein pause, for dette er tidkrevjande. Men verksemder og enkeltpersonar er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å bidra sjølv om eg ikkje fysisk bankar på døra deira, seier prepraranten.

Det er rundt 1000 store og små føretak registrerte i Florø. Landøy vil ikkje nå å ta personleg kontakt med alle, men ho oppmodar interesserte om å ta kontakt via epostadressa post@florafauna.no.

Så langt har Landøy sjølv gått inn med 100.000 kroner. Lokalt er det samla inn 130.000, og organisasjonen Lokal Agenda er inne med 75.000 kroner. I tillegg kjem tilsegna på 580.000 kroner frå Innovasjon Norge. Samla betyr det at knappe 900.000 kroner er på plass. Totalkostnaden for akvariet er på 1,7 millionar kroner, så Landøy treng meir drahjelp for å kome i mål.

Vil du lese meir om planane for Florø sin nye attraksjon kan du gå inn på www.florafauna.no.

Artikkeltags