Enklare og sikrare innlogging

Innlogging med aID kjem no.

Innlogging med aID kjem no. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

No har vi skifta innlogging til nokre abonnementstenester for å gjere aviskvardagen enklare.

DEL

Du som har et abonnement hos Firdaposten no alltid bruke mobilnummeret ditt og eit sjølvvalt passord for å logge inn på:

- Mi side på vårt digitale kundesenter

- eAvis for pc, nettbrett og mobil (for deg som har dette inkludert i abonnementet)

Tryggare for deg

Alle avisene i Amedia-konsernet skal over på aID, som er namnet på den nye innloggingsløysinga.

- Dette gjer innlogginga sikrare for deg, blant anna fordi det blir vanskelegare for uvedkommende å få tak i ditt passord. Enklare blir det også - no trenger du bare å hugse eit passord du har valt sjølv, seier redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten.

Innlogging med din aID-konto gjer det enkelt.Når du aktiverer din nye innlogging, får du tilsendt ein stadfestingskode på sms. Deretter opprettar du ditt eige passord.

- Du loggar deg på ein gong, så hugsar systemet deg til neste gong, forklarer Vee.

Når du har logga deg på dei plattformene du brukar -enten det er nett, brett og mobil - så er jobben gjort.

Flere brukarar i familien

Mange av våre lesarar deler husstand med fleire som er svoltne på lokale nyheiter.

- Med aID kan inntil fem familiemedlemmer opprette sin eigen konto og kostnadsfritt knytte seg til familiens abonnement. Dermed skulle det ikkje vere nokon grunn til å krangle om kven som skal lese eAvisa først.

Artikkeltags