Naturvernforbundet: – Det vil aldri bli dumpa noko i Førdefjorden

SLÅST FOR FØRDEFJORDEN: Dei to siste aksjonistane Silje Lundberg og Håvard Lundberg vert fjerna under lenkeaksjonen til Natur og Ungdom i Vevring i 2016.

SLÅST FOR FØRDEFJORDEN: Dei to siste aksjonistane Silje Lundberg og Håvard Lundberg vert fjerna under lenkeaksjonen til Natur og Ungdom i Vevring i 2016. Foto:

DEL

Ifølge Nordic Mining skal gruveprosjektet med gruvedumping i Førdefjorden starte opp i 2020.

– Nordic Mining sine uttaler vitnar om ein totalt manglande realitetsforståing. Dette gruveprosjektet er ikkje gjennomførbart, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Saman med fleire natur- og friluftsorganisasjonar jobbar Naturvernforbundet no for å stoppe gruveprosjektet med utvinning av rutil og granat frå Engebøfjellet, og dumping av millionar av tonn med gruveavfall i Førdefjorden.

– Nordic Mining har søkt om driftskonsesjon, men handsaminga av denne er så vidt i gang. Til samanlikning tok det over to år frå då Nussir søkte om driftskonsesjon ved Repparfjorden til endeleg behandling av Regjeringa, skriv Naturvernforbundet og listar opp fleire hinder som framleis står i vegen for Nordic Mining.

– Nordic Mining har ikkje fått driftskonsesjon, og konsesjonen er ikkje ein gang handsama i førsteinstans. Dersom Direktoratet for mineralforvaltning gir driftskonsesjon, vil Naturvernforbundet og ei rekke andre aktørar klage vedtaket inn til næringsminister Iselin Nybø. Nordic Mining har heller ikkje løyve til å bruke flotasjonskjemikaliet SIBX, som er vurdert til å vere svært giftig for dyr som lever i havet, og som Miljødirektoratet har kravd ytterlegare dokumentasjon om.

Dei peikar også på at Nordic Mining manglar investorar, og stadig fleire investeringsbankar får strengare retningslinjer mot finansiering av gruveprosjekt med dumping i sjø, deriblant Citigroup og Standard Chartered.

– Nordic Mining sa etter presentasjonen av moglegheitsstudien (DFS) 28. januar at dei framleis planlegg å dumpe gruveslam i Førdefjorden. Men Sunnfjord kommune har vedteke at dei ikkje vil ha dumping i fjorden: «Sunnfjord kommune støttar mineralutvinning på Engebøfjellet og full utnytting av ressursane for å unngå bruk av sjødeponi.»

Naturvernforbundet viser til at Jøssingfjorden har blitt brukt som eit eksempel på at fjordbotnen restaurerer seg raskt, mellom 5 til 10 år etter enda gruvedumping. Men nye bilde viser at fjordbotnen framleis er skada av gruveslam 36 år etter.

– Utsleppsløyvet til Nordic Mining er basert på feilaktige føresetnader. Dei planlegg å bruke andre kjemikaliar enn det dei har fått løyve til, den såkalla samfunnsnytten som blei presentert i søknaden er kraftig redusert, og gruveselskapet har ikkje vurdert dei mest miljøvennlege metodane for drift, altså underjordsdrift med tilbakefylling og «gjenbruk» av restmasser i annan industri. Dette har ført til krav om at utsleppsløyvet må trekkast tilbake, og at ein ny søknad må leverast norske styresmakter.

– Nordic Mining sin annonsering om å starte anleggsarbeidet alt i 2020 vitnar om at dei ikkje forstår verken saksgangen i gruveprosjektet, eller kva innvendingar som framleis ventar handsaming. Og eg kan love at vi skal gjere alt i vår makt for å stanse raseringa av Førdefjorden, seier Lundberg.

Artikkeltags