Det er Wassum Investment Consulting som har funne ut dette for Bremanger kommune. Terra Securities skulle hjelpe Bremanger kommunen med å få lågare renteutgifter, og resultatet av ein såkalla rentebytte-operasjon er eit ekstra tap på 29 millionar kroner, skriv Bergens Tidende.

Det viser seg at kommunen har forplikta seg via såkalla derivat med løpetid fram til 2036. Desse spekulerer i renteutviklinga i marknaden. Det er opsjonar på rentebytteavtaler, der ein kan bytte mellom fast og flytande rente på lån. Etter det BT får opplyst, hadde Bremanger kommune ein avtale med Terra Kapitalforvaltning om gjeldsrådgjeving, men den blei sagt opp i 2005. Då gjekk kommunen over til å få råd i frå Terra Securities.