Først selde dei ut eit show på rekordtid. Så selde dei ut ekstraframsyninga like raskt. Og no er eit tredje show bestilt frå Bergens-suksessen Kvinner på randen.

- Responsen har vore utruleg god. Difor har vi no lagt opp til ei tredje framsyning som skal gå onsdag 14. oktober, etter at den første ekstraframsyninga er ferdig, seier Anita Solbakken ved Flora kulturhus.

Dermed går det mot tre fulle Florø-hus for Elisabeth Moberg og resten av jentetrioen, som kombinerer humor, alvor og store songtalent.