Gå til sidens hovedinnhold

Elkem satsar på eigne krefter

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Elkem Bremanger har fått to nye direktørar. Årdølen Steinar Talle blir ny plassjef og verksdirektør for silisium, medan Frode Nummedal er tilsett som verksdirektør for støyperieininga.

Elkem Bremanger er frå 1. desember delt inn i to einingar, ei for silisium og ei for støyperi. Som eit ledd i dette har ein vald å tilsette to direktørar som erstatning for verksdirektør Erik Løkke-Øwre, som gjekk over til ei ny stilling i Elkem Solar 30. november.

Plassjef og silisiumdirektør Steinar Talle kjem frå Årdalstangen og har jobba ved Elkem Bremanger i fire år, som teknisk sjef og seinast produksjonssjef for silisumavdelinga.

Frode Nummedal er ny direktør for støyperi, og har jobba ved Svelgen-verket i 12 år.

– Eg har gått karrierestigen i Svelgen. Eg starta som metallurg, og fram til eg vart direktør, var eg produksjonssjef for støyperi, fortel Nummedal.

Spissing av områda

Slik dei to ferske direktørane ser det, vil ikkje lokalbefolkninga merke noko til den nye organiseringa.

– Elkem Bremanger har vore inndelt i to forretningsområde heile tida, og vi kjem til å styre verket med felles verksleiing som tidlegare. Den nye organiseringa betyr ei ytterlegare spissing mot dei to verdiskapingsområda, noko som vil bidra til å styrke oss. Vi har stordriftsfordelane med å tenke heile verket, samstundes som vi får spissinga på dei to områda, seier dei.

Talle og Nummedal vil køyre vidare på dei strategiane som allereie er lagt for bedrifta, for å sikre kontinuitet i arbeidet med å utvikle Elkem Bremanger.

– Vi vil jobbe for å styrke posisjonen vår i den globale marknaden. Vi sel jo i ein internasjonal, konkurranseutsett marknad og har kundar i heile verda. Og hovudutfordringane på begge områda våre er å forbetre kostposisjonen vår, for å bli endå meir konkurransedyktige på verdsbasis. Stabile rammevilkår, og då spesielt i kraftprisane, er vesentleg for at vi skal klare dette, seier Talle.

– Eitt av måla blir å prøve å auke marknadsdelen vår i Søraust-Asia. India og Kina er dei nye vekstområda i verda, og her har vi eit potensial, legg Nummedal til.

Mykje nytt og spennande

Det er mykje spennande og nytt på gang innan Elkem-systemet no, og dei to direktørane håpar at noko av dette vil føre til meir aktivitet og nye arbeidsplassar i Svelgen.

Som silisiumdirektør skal Steinar Talle også jobbe med Solar-problematikken, og skal allereie i dag på møte om Solar-satsinga til Elkem. Han er positiv når det gjeld Svelgen sine sjansar for ny fabrikk.

– Svelgen har vist god produksjonsstabilitet og kontinuitet, og har gode sjansar til å få ny aktivitet. Elkem Bremanger har jo stor kompetanse, spesielt våre operatørar som er vande med å jobbe og konkurrere i ein global marknad, seier han.

Avgjerda på kvar den nye fabrikken til Elkem Solar skal ligge, er venta å kome i første kvartal neste år.