Elkem kjøper solenergi-selskap

Artikkelen er over 14 år gammel

OSLO/BREMANGER: Elkem ASA har kjøpt 23 prosent av solenergiselskapet Renewable Energy Corporation (REC) for 450 millionar kroner.

DEL

Dermed får Elkem eit direkte ord med i laget når det gjeld omstillingsarbeidet i Årdal.

Det norske selskapet REC har på kort tid blitt ein leiande aktør i marknaden og ventar å omsetje for 1,5 mrd kroner i 2004. REC er igjen eigar av selskapet Scanwafer; solcelleprodusenten som nyleg har sagt ja til å investere fleire hundre millionar kroner på å bygge ny fabrikk i Årdal, med god draghjelp av statlege omstillingsmidlar.

I dag er etterspørselen på solenergi høgare enn nokon gong – og produksjonen av denne miljøvenlege energien er sterkt stigande. Når Elkem no tek steget tungt inn på eigarsida, så gjer dei det gjennom ein retta emisjon og dels gjennom å kjøpe aksjar frå hovudaksjonæren Good Energies Investment, eit Amsterdam-basert investeringsselskap som fokuserer på fornybar energi.

Etter oppkjøpet reknar ein med at Elkem trer inn i REC-styret med to representantar. REC har i dag fabrikkar i Norge (Glomfjord, Herøya og Narvik), Sverige, USA og i Sør-Afrika. Hovudkontoret ligg på Høvik i Oslo, og samla er det 600 tilsette i REC.

Artikkeltags