Supert resultat for Elkem

Elkem Bremanger

Elkem Bremanger Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

2015 blei eit av dei beste åra i Elkem-konsernet si historie.

DEL

Rekneskapen for 2015 er klar og fasiten viser auka inntekter og betra lønsemd.

Gode prisar og låg kronerverdi

Adm. direktør Helge Aasen i Elkem-konsernet seier dette:

- Gode prisar i marknadane, vaultaendringar og låge prisar på eletrisk kraft er eksterne faktorar som har løfta resultatet. Men aller viktigast er den systematiske og viktige innsatsen alle tilsette gjer kvar dag på alle kontinent og i alle delar av organisasjonen. 

Nøkkeltall, Elkem AS

Driftsinntekter: 14,5 milliarder kroner (2014: 12,7 milliarder kroner)

Netto Resultat: 953 millioner kroner (2014: minus 22 millioner kroner)

Elkem er eit leiande selskap innan metall og materialar. Viktigaste produkte er silisium, silikon, ferrosilisium, støypelegeringer, karbonmaterialar og microsilica. Elkem har 21 verk verdea over, iog salskontor i meir enn 40 land. Elkem har omtrent 3600 tilsette og har hovudkontor i Oslo.

Finansdirektør Morten Viga hadde ein god dag på jobben då tala blei lagt fram:

- Vi kan sjå tilbake på eit veldig godt år, med auka driftsinntekter frå 12,.7 til 14,6 millliardar. Driftsresultatet vart på heile 2,2 milliardar kroner, medan nettoresultatet blei på 953 millionar. fortel han.

Fortenestemarginen er på 15 prosent, noko som er veldig bra.

Nytt oppkjøp i utlandet

Elkem AS overtok i juni 2015 silikonprodusenten Bluestar Silicones International og overførte det inn som del av Elkem-konsernet med produksjon langs heile verdikjeden frå kvarts til avanserte silikonprodukt. Elkem har no fire divisjonar som alle opererer globalt og er leiande aktørar i sine respektive marknader. Satsingsområdet er å styrke marknadsposisjonen med ekstra fokus på spesialprodukt.

Artikkeltags