Flammar i silo på Elkem

DEL

Politiet melder på Twitter at det klokka 19.30 søndag kveld vart oppdaga flammar i ein kolsilo hos Elkem Bremanger i Svelgen.

- Meldinga kom frå brannvesenet. Det som har skjedd, er at nokon over ein periode hadde registrert tempertaturauke i denne siloen. Deretter blei det ein kort periode observert flammar, opplyser Lars Geitle ved Operasjonssentralen i Bergen.

Politiet rykka ut og Geitle seier at det no er full kontroll på situasjonen gjennom brannvesen og bedrifta sjølv sin innsats.

- Det er ingen fare for spreiing eller for omgjevnadane. Men for å vere på sikre sida forstår vi det slik at ein i ferd med å tømme siloen og køyre vekk kolet for å kjøle det ned, avsluttar han, og legg til at politiet rutinemessig vil opprette sak.

Artikkeltags