Brannmannskap rykte ut til Elkem

Artikkelen er over 2 år gammel

Viste seg at røyken var vassdamp.

DEL

15.17 melder Vest politidistrikt på Twitter at dei over to timar tidlegare, klokka 12.49, fekk inn melding om brann i ein vegg inne på Elkem Bremanger. Brannmannskaper og politi rykka ut til staden, der røyken viste seg å vere vassdamp. Anlegget vart stengt ned i ein periode på grunn av ventilering.

– Ein stans i ventilasjonen har ført til damputvikling. På grunn av dette danna det seg saltsyre inne på området, som då blei sperra av. Det vart og sett i gang med ventilering. Klokka 14.34 var verket tilbake i normal drift att, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Bergen.

Artikkeltags