Gå til sidens hovedinnhold

Elgokse sett i Svelgsdalen

Artikkelen er over 16 år gammel

BREMANGER: Viltforvaltar Rune Indrehus i Bremanger har fått fleire melding om at det er sett ein elgokse på veg mot Ålfoten.

Oksen vart sett på vegen ved riksvegen på Sørdalsbotten i Svelgsdalen. Dyret var stort og hadde horn, i følgje Bjarne Lunde, som kom køyrande i bil. Folk lurer på om dettte er den same elgoksen som vart sett på Ytrehus den 20. juli og om den kan vere på veg mot Ålfoten. Både i Svelgsdalen og i Midtgulen er det observert spor og elgskit.

- Folk må melde frå til kommunen om dei ser elg eller spor, oppmodar Rune Indrehus.

Etter den første nyheitsmeldinga fekk han ein observasjon gjort av Anne Turid Ljungren som såg ein ung elgokse i Svelgsvatnet.