Eldsjel fekk forteneste-medalje

RØRT: Ingvald var tydelig rørt over å motta kongens fortenestemedalje i sølv

RØRT: Ingvald var tydelig rørt over å motta kongens fortenestemedalje i sølv Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Ingvald Ytrehus fekk kongens fortenestemedalje i sølv under INC-leikane.

DEL

Ingvald Ytrehus var tydeleg rørt då han ved åpninga av "INC-leikane" i Svelgen laurdag fekk kongens fortenestemedalje i sølv, og heilt upåverka var nok ikkje Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad heller. Han hadde nemleg æra av å stå for utdelinga.

Eldsjel i 40 år
Gjennom 40 år har Ytrehus vore ein særs engasjert person som har sett Idrettslaget og ungane føre eigne behov. Allereie i 1964 fekk han sine fyste verv innan friidretten i Svelgen, då som styremedlem.

Sidan den gongen har det vorte mange verv, og han har vore leiar eller formann for friidretten samanhengande sidan 1976. Utan hans innsats hadde kanskje ikkje Svelgen Turn og idrettsforening eksistert i dag.

- Han har sett mange talent komme og gå, men sjølv om mange har reist frå industribygda for vidare utdanning har han aldri vore inne på tanken om å gje seg. Gong på gong har han fått fram nye talent og det er ikkje få timar Ytrehus har lagt ned for friidretten i Svelgen, sa Svarstad i sin tale.

I tillegg til arbeidet med ungdommen har han også lagt ned mange timar dugnadsarbeid for å skaffe pengar til klubbkassa. Han har også vore aktiv utøvar heilt til ein hofteoperasjon for nokre år sidan tvang han til å leggje opp, og han har ei endalaus rekkje med medaljar frå kretsmeisterskap.

Han har framleis hand om kretsrekordane i høgde både med og utan fart.

Mange å takke

- Det er mange eg må takke sa ein rørt Ytrehus. - Ikkje minst kona mi som har halde ut i alle desse åra, men ho har no visst at så lenge eg heldt på med dette, so har eg ikkje gjort noko anna gale, sa han muntert, før han la til at det var kjekt å sjå at så mange var møtt fram i Idrettshuset.

Tribuna var so godt som full.

Gjev pensjonttilværinga meining

- Eg skal innrømme at det var periodar medan eg arbeidde som lærar at det kunne være tungt å arbeide med ungar også utover kveldane, sa han til Firdaposten etterpå.

- Men no gjev det pensjonisttilværinga meining og eg kjem nok til å halde fram vidare, sa Ytrehus, før han framleis iført dress heiv seg i funksjonærarbeid.

Artikkeltags