Biesmans slår fast at så lenge regelverket og lovverket er slik det er, er det sjølvsagt at politiet må forhalde seg til gjeldande lover.
– Slik eg ser det er dette eit PR-stunt for å skaffe blest om legaliseringskampen. Så lenge lovgivar ikkje endrar på regelverket vil ikkje politiet endre syn på cannabis som eit ulovleg rusmiddel, seier Biesmans.
Han legg til at å tilverke og dyrke cannabis også er ulovleg.
– Det som no er viktig er at pressa ikkje bit på det som er eit PR-stunt frå legaliseringsbevegelsen. For det er på det reine at det å plante cannabis i det offentlege rommet er noko som har skapt blest, noko avisoverskrifter den siste tida er eit klart bevis på, seier narkotikakoordinator for Sogn og Fjordane politidistrikt Kjell Biesmans.