- Ein siger for nynorsken!

Hege Myklebust

Hege Myklebust Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Kunnskapsdepartementet snur, og tek opp att den gamle ordninga med to eksamensdagar i hovudmål og sidemål.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Elevane på 10. trinn som kom opp til norskeksamen i vår, hadde ein sams eksamensdag for hovudmål og sidemål. Kunnskapsdepartementet har no bestemt at den gamle ordninga med to eksamensdagar og to eksamenskarakterar skal takast opp att.

-Ein siger for nynorsken, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Kunnskapsdepartementet fekk mange reaksjonar på ordninga med sams eksamensdag, og Utdanningsdirektoratet vart difor bede om å evaluere ordninga. Direktoratet si tilråding var å gå attende til den gamle ordninga, og no har Kunnskapsdepartementet bestemt seg for å fylgje den tilrådinga.

- Noregs Mållag er svært glad for at Kunnskapsdepartementet har avvikla ordninga med norskeksamen på ein dag i ungdomsskulen. Sams eksamensdag var ein freistnad frå den førre regjeringa på å svekkje statusen til nynorsk i skulen. Det er svært gledeleg at departementet no gravlegg dette åtaket på nynorsk, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

- Også elevar og lærarar har slakta denne ordninga. I tillegg til at det er tunge faglege grunnar til å avvikle sams eksamensdag, er det fyrst og fremst bra at departementet no legg opp til ei eksamensordning som er i samsvar med den nye språk- og kulturpolitikken i Noreg: Å gjere alle skuleelevane til reelt tospråklege elevar. Dette er ein siger for nynorsken, seier Myklebust.

Artikkeltags