Ein ny kvardag utan ordførarkjede

Av
Artikkelen er over 17 år gammel

BREMANGER: Han er stolt over kommunen sin, og har som ordførar sett Bremanger på kartet meir enn ein gong. Tysdag er det likevel slutt, etter åtte år leverer han frå seg ordførarklubba og tek plass på kommunestyrebenken saman med dei andre partifellane.

DEL

Ikkje det at vi veit det, men Einar Kjerpeseth kan godt ha styrt kommunen etter mottoet ”Alt for Bremanger”. Alltid positiv og imøtekomande og med eit stort engasjement, har han vore kommunen sin fremste talsmann i samanhengande åtte år. Før han vart ordførar, var han varaordførar i fire år. Til saman han vore aktiv i Bremanger-politikken i over 20 år, i seksten av desse åra har han hatt fast plass i formannskapet. Alt tyder på at plassen i formannskapet også er sikra vidare, med tre representantar er Senterpartiet på sikra plass, og det er heller tvilsamt at Kjerpeseth blir utfordra akkurat der.

– Det blir ein ny kvardag, korleis ser framtida ut?

– Eg har vore tilsett ved Elkem i over 40 år. Dei siste åtte åra har eg hatt permisjon, og sjølv om den stillinga eg hadde før eg vart ordførar er rasjonalisert vekk, er det framleis Elkem som er arbeidsgjevaren min. Kva eg skal jobbe med når eg kjem tilbake, er derimot enno ikkje avklart, seier Einar Kjerpeseth.

Vekependlar

Einar Kjerpeseth trakka barneskoa sine på Novelandet, saman med dei to yngre brørne Jonvald og Magne. Faren, Ulrik, var fiskar, i tillegg dreiv han og kona Inga eit lite småbruk. Einar begynte av ulike årsaker på skulen allereie som seksåring, og har gode minne frå skulestova på Bremnes. Etter folkeskulen gjekk han framhaldsskule, folkehøgskule og realskule i tur og orden, før han fekk seg jobb ved smelteverket i Svelgen i august 1960.

– Eg rakk faktisk å jobbe nesten to år før eg vart innkalla til militærteneste, minnest han.

I mange år vekependla han mellom Novelandet, og seinare Struen, og arbeidsplassen i Svelgen. Først i 1976 flytta han og familien, kona Martha og dei to barna Ulf Inge og Anne Petrine, til kommunesenteret. Tredjemann, Erik, vart fødd i Svelgen.

Stor byggeaktivitet

– Når du ser tilbake på jobben som ordførar, kva saker vil du dra fram som spesielt viktige?

– I Bremanger kommune har vi dei 12 siste åra hatt ein svært stor byggeaktivitet. Eg føler at vi heile tida har hatt ei svært positiv utvikling trass i at fråflyttingsspøkelset, særleg i starten, heile tida pusta oss i nakken, seier Einar Kjerpeseth.

Han nemner spesielt barnehageutbygginga, tilrettelegging av næringsareal og bustadfelt, bygging av pleie- og omsorgsbustader og eineromsreforma.

– Det absolutt største høgdepunket var likevel opninga av fastlandssambandet i fjor. 12. juli 2002 er for meg blitt 17. mai nummer ein. Det at vi greidde å realisere dette vegprosjektet i løpet av ein 10-års periode, er ikkje noko mindre enn stort, vedgår han stolt og oppglødd.

– No er det viktig å stå på vidare, og same kva jobb eller stilling eg hamnar i, vil eg som leiar i Kystvegutvikling bruke maksimalt med tid for å få gjennomført andre byggesteget, seier han vidare.

Omstillingskommune

Einar Kjerpeseth er også stolt over det Bremanger har fått til dei siste seks åra som omstillingskommune.

– På landsbasis er Bremanger framheva som eitt av dei mest vellukka omstillingsprosjekta nokon gong. Gjennom Bremanger Vekst har vi bygt opp eit godkjent verkemiddelapparat, som no blir brukt aktivt også utanfor eigen kommune og eige fylke. Arbeidet i Bremanger Vekst er heilt klart medverkande til at vi har greidd å dempe fråflyttinga frå fritt fall til ei utflating på oppsida av 4000 innbyggjarar, hevdar han.

Bremanger Vekst vil også vere Bremanger kommune sitt næringsapparat etter at omstillingsperioden går ut ved årsskiftet, men då i ei litt anna form enn no.

– Til slutt vil eg også nemne kulturkommunen Bremanger. Dette prosjektet er eit fyrtårn som vi må ta vare på i framtida, seier Einar Kjerpeseth heilt på tampen av ordførarkarrieren.

Artikkeltags