– No er humøret attende og vi har det gøy igjen, seier lagets største profil.

– Treningane under det tidlegare regimet var ein belastning for meg. Trivselen og gleda ved å spele fotball var borte, men etter at Margunn Haugenes tok over laget, har situasjonen vorte ein annan, seier ho.

Laget har gjort det godt i årets toppserie for kvinner, men er likevel truga av degradering grunna økonomisk rot. Noko trenaren ikkje kan lastast for. Margunn Haugenes har annonsert at denne sesongen truleg vert hennar siste som aktiv spelar, og vert klubben degradert vil fleire spelarar forsvinne frå Amazon.

– Om klubben rykker ned på grunn av økonomisk rot, er det 100 prosent sikkert at eg kjem til å reise frå Amazon. Eg vil spele på det høgste nivået, seier lagets suverene toppscorar Una Nwajei.