Ein av fem leiker med livet på vegen

Johnny Sælemyr i Bortheim dekkservice.

Johnny Sælemyr i Bortheim dekkservice. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Er du ein av dei som køyrer med piggfrie dekk året gjennom, bør du lese her.

DEL

Ferien er godt i gang, og mange av oss dreg i desse dagar på bilferie. Men før du stablar bilen full av baggasje, kånemor og ungar, er det fleire ting du bør tenkje over.

Ifølgje dekkbransjen køyrer mellom 15 og 20 prosent av oss på piggfrie dekk til langt ut i juni. Mange meiner det nok er eit ork å skifte, og let vere å gjere det så lenge som muleg - eller berre droppar det og køyrer piggfritt året gjennom. Og det er heller ikkje ikkje er forbod mot å køyre med piggfrie dekk året gjennom. Men det kan vere farleg.

- Vi har ein del kundar som kjem og lurer på om det er noko vits i å byte til sommardekk når dei har piggfrie "heilårsdekk". Folk blandar piggfrie dekk og heilårsdekk. I Norge har vi ingen reelle heilårsdekk. Og det er ein stor skilnad mellom dei. Piggfrie dekk er veldig gode på vinterføre, men veldig dårleg på sommarføre.

Det seier Johnny Sælemyr i Bortheim Dekkservice i Florø.

Piggfrie vinterdekk er nemleg berekna til kalde vegar. Når temperaturen blir høg, og bilen er full av baggasje og passasjerar, så oppfører piggfrie dekk seg som gelé på sommarvegen i motsetnad til sommardekka.

- Det har å gjere med korleis piggfrie dekk er bygd opp, med eit tettare og meir oppsplitta mønster enn sommardekka. Dessutan, det tette mønsteret drenerer vatn på vegen dårlegare enn sommardekk, og du risikerer vassplaning, seier Sælemyr.

Og han får støtte frå NAF. Ifølgje ein NAF-test som Broom refererer til, så har vinterdekka mykje dårlegare bremseeigenskapar når temperaturen er høg. Ligg du i 80 km/t når det er seks grader ute, har du 12,5 meter lengre bremsestrekning med piggfrie vinterdekk enn sommardekk. Dersom du berre køyrer i 50 km/t i 20 grader, er bremsestrekninga heile 14,5 meter.

Artikkeltags