– Vi måtte stoppe seks førarar på 15 minutt

Inge Værøy og Einar Vereide i UP måtte stoppe heile 14 bilførarar under ein kontroll på riksveg 5 ved Eikefjord torsdag ettermiddag.

Inge Værøy og Einar Vereide i UP måtte stoppe heile 14 bilførarar under ein kontroll på riksveg 5 ved Eikefjord torsdag ettermiddag. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

UP: – Folk stressar for mykje føre jul.

DEL

Utrykkingspolitiet i Sunnfjord hadde kontroll på riksveg 5 i Eikefjord torsdag ettermiddag. Og med heile 14 forenkla førelegg på litt over to timars kontroll opplevde dei eit nedslåande resultat ved inngangen til julehøgtida.

– Dette er over gjennomsnittet for kontrollane våre her i området, og viser at altfor mange har det for travelt på denne tida. Og det viser ikkje minst at det er trong for fleire kontrollar i tida som kjem, seier Einar Vereide i UP Vest til Firda.

Våt asfalt

Han gjennomførte kontrollen på Knapstad i Eikefjord saman med kollega Inge Værøy.

– Vi gjennomførte kontrollen mellom 12.00 og 14.30, og det var varierande vertilhøve med alt frå haglbyer til opphaldsvêr. Med tanke på at det var våt asfalt, så er det urovekkande at så mange som 14 førarar hadde for høg fart, seier Værøy.

Høgste fart som vart målt under torsdagens kontroll var 101 km/t i 80-sona.

Kø av bilar

– I ein periode vart det kø på stopp-posten. Vi klokka inn seks førarar i løpet av eitt kvarter, og då hopa det seg opp. Riksveg 5 er den strekninga i fylket som har hatt flest alvorlege ulykker dei siste åra, og denne kontrollen viser at det framleis er altfor mange som køyrer for fort her. Så vi kjem til å ha eit ekstra auge på trafikken her i tida som kjem, seier Vereide og ber folk generelt ikkje stresse for mykje i julehøgtida.

– Ta det med ro, og senk farta. Og ha ei flott julehøgtid, seier Vereide etter kontrollen.

Artikkeltags