UP tok bilist i 113 km/t på rv. 5

FLORA: Totalt åtte personar måtte punge ut for fartsbrot, etter at UP hadde ein fartskontroll i Eikefjord.

DEL

UP hadde tysdag ettermiddag ein fartskontroll i ei 80-sone ved Hovland i Eikefjord, på rv. 5.

Det var Firda som var først ute med nyheita.

Bilisten fekk eit forenkla førelegg for fartsbrotet, og han var ikkje åleine. Totalt åtte førarar vart tekne for høg fart, og alle fekk forenkla førelegg.

I tillegg til fartssyndarane delte UP ut eit forenkla førelegg og prikkar på førarkortet til ein annan førar for bruk av handhalden mobiltelefon under køyring.

Artikkeltags