Ved kvar fullmåne uler ølhundane hos Nina

Fullmåne

Fullmåne Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I kveld, tysdag, er det fullmåne. I Eikefjord er det synonymt med fullmånepub på In-spire.

– Dette er tredje gongen vi har fullmånepub, så no har det blitt ein tradisjon lokalt å ha pub kvar gong fullmånen viser seg, smiler dagleg leiar Nina Liseth på In-spire.

Håpar på påsketrengsel

Og responsen har vore veldig god så langt.

– Det har vore bra med kundar. No er det påskeferie, så eg håpar vi kan lage det trongt og koseleg her, legg ho til.

Nina og dei andre i In-spire har saman med dei faste kundane sine grubla litt over kva pub-konsept som kunne fungere i Eikefjord.

– Vi har snakka ein stund om å lage eit sosialt arrangement som kunne vere regelmessig; om vi skal ha pub kvar første fredag i månaden, eller når det er lønning, men det er alltid vanskeleg å finne eit konsept som passar for alle. Og skulle vi ha det berre i helgene, er det vanskeleg for mange, fordi dei har andre planar for helga, fortel Liseth.

Kontinentale vaner

Men så kom det heldigvis ein kunde som hadde ideen om ein fullmånepub.

– Det vil alltid passe for nokon, for kva dag fullmånen hamnar på er tilfeldig. Konseptet er veldig enkelt, dette blir ein sosial møteplass med open scene og lett servering, seier Nina og presiserer at det ikkje er snakk om å drikke seg til varulv-stadiet under fullmånepuben.

– Nei, eg prøvar lage kontinentale vaner til eikefjordingane. Vi vil nok ikkje rangle til utpå natta, men er heller tidleg ute, har oss eit glas vin og litt moro, og så gå til sengs.

Artikkeltags