– Vi har fått kontakt med Årdal, og dei har ytra ønske om å spele kampen på laurdag. Dette har vi godteke, seier Eikefjord-trenar Per Øyvind Sørbø.

– Vil ikkje dette kunne bety at Årdal 2 stiller med fleire som aspirerer til 2.-divisjonslaget då dei møter Vålerenga 2 i 2. divisjon i ein viktig kamp på tysdag?

– Dette har vi ikkje tenkt på. For oss har vi eitt fokus, og det er å vinne dei to siste kampane. Det er etter mi meining ein eksamen der vi kan overtyde oss sjølve og alle andre om at vi har det som skal til for å rykke opp. Sjølv om Årdal 2 stiller med fleire 2.-divisjonsspelarar no laurdag, bør vi vere gode nok til å slå dei på heimebane om vi meiner alvor med å rykke opp, seier han. Sørbø peikar på at sjølv om Årdal 2 stiller med eit forsterka lag, er det berre elleve spelarar på laget.