Jann Olav Tjønneland og Merete Helgheim vann Hovlandstølen opp

VINNARANE: Merete Helgheim frå Førde IL og Jann Olav Tjønneland frå Viksdalen IL var raskast opp til Hovlandstølen i 2019

VINNARANE: Merete Helgheim frå Førde IL og Jann Olav Tjønneland frå Viksdalen IL var raskast opp til Hovlandstølen i 2019 Foto:

EIKEFJORD: Det blei ingen rekordar i motbakkeløpet i Eikefjord i år, men elles var det eit godt og vellykka arrangement.

DEL

Løyperekorden på dei rundt 3500 meterane opp til Hovlandstølen var aldri i fare laurdag. Marius Vedvik har som kjent sprunge opp på sterke 15.30, og dei raskaste løparane var nokre minutt bak den tida. Men det var mykje folk på toppen, og alle som kom løpande blei heia fram og over målstreken.

Vinnaren i herreklassa i år blei Jann Olav Tjønneland. Han sprang for Viksdalen IL, og kom i mål på tida 18.29.6. Øystein Støfring frå Jølster IL tok andreplassen, med 19.34.0. Dei to lokale løparane Lars Bjørbæk og Arne Aase blei nummer tre og fire med tidene 20.53.9 og 20.59.9.

I dameklassa var det Merete Helgheim frå Førde IL Friidrett som var raskast opp den seige motbakken i Eikefjord. Ho klokka inn på tida 21.18.5. Ingunn Hove, også ho frå Førde, tok andreplassen med tida 21.28.5.

Leiaren for det heile, Cathrine Holsen Gardner gjetta på ein plass mellom 60 og 80 deltakarar. Med 44 i mosjonistgruppa, 21 i konkurranseklassa, og ein god handfull med barn i tillegg må vi seie at det var godt tippa. Det var bra med folk i målområdet i det konkurranseutøvarane gjekk i mål. Førehandsvarselet tyda på dårleg ver, og det gjorde nok at det ikkje var fleire som tok turen, men vêret blei faktisk ganske bra på toppen utover dagen.

Hovlandstølen opp - resultater

Konkurranse menn:

1. Jann Olav Tjønneland Viksdalen IL                            18.29.6
2. Øystein Støfring Jølster IL                                         19.34.0
3. Lars Bjørbæk Florø                                                   20.53.9
4. Arne Aase Florø                                                        20.59.9
5. Vegard Furevik Førde IL                                            21.37.6
6. Stig Kongsvik Hyllestad IL                                         22.09.7
7. Eivind Liabø Iversen Tambarskjelvar IL Sykkel og Tri. 22.09.8
8. Øyvind Jon Solheim Eikefjord IL Ski                            22.34.4
9. Helge Arnstein M. Heimseter Eikefjord IL Friidrett       22.51.1
10. Arne Odd Løkkebø Eikefjord IL Friidrett                    24.43.0
11. Svein Helge Bruheim Bravo (Florø)                          27.07.3
12. Tore Øren Eikefjord IL Ski                                       27.35.6
13. Asbjørn Røyrvik Florø                                              32.22.3

Konkurranse kvinner:

1. Merete Helgheim Førde IL Friidrett                            21.18.5
2. Ingunn Hove Førde                                                   21.28.8
3. Gry Magritt Haugset Jølster IL                                   23.33.8
4. Johanne Støfring Jølster IL                                        24.21.5
5. Guri Line Brekke Førde IL Friidrett                             24.34.9
6. Anette Hollevik Flora CK                                           25.54.7
7. Margunn Eikås Endestad Eikefjord IL Friidrett            29.12.4
8. Solveig Svardal Eikefjord IL Friidrett                          29.48.2

Artikkeltags