Gå til sidens hovedinnhold

Eikefjord-gitarist med nytt album

Artikkelen er over 8 år gammel

Plateslepp på Allhuset i Eikefjord er ikkje kvardagskost, men det er nettopp det som står på menyen 19. januar.

Pluss, sjølvsagt, konsert med Steinar Karlsen, gitarhelten frå Eikefjord som då er klar med si nye plate «Hanens død», som i følgje heimesida til Karlsen er ti låtar som tek deg med inn i eit eksotisk univers av orientalsk - og spanskinspirert twangmusikk.

Steinar Karlsen har gjort seg bemerka som gitarist både med Good Time Charlie saman med blant andre Førde-vokalisten Arle Hjelmeland. Saman med Good Time Charlei vart Karlsen Spellemann-nominert i 2009. Han er og kjend frå partyswing-orkeste Hot Little Mama, med base i Bergen.

Samstundes som han medverka på Good Time Charlie si siste plate «Garage a Go-go», kom Karlsen i fjor, endeleg, var det mange som sa, med si første soloplate, «Ulydium», som hausta lovord frå mange hald, mellom andre frå Dagbladet som trilla ein femmar over det dei kalla «ekte spelgalskap» og frå Platerarbeidaren i Firdaposten.

Karlsen har etterkvart vorte kjend som ein av dei fremste gitaristane frå fylket, og bur no i Bergen.

Han fekk Eikefjordprisen i august i år.