Eikefjord er den store budsjettvinnaren

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Vøling og påbygg av skulen, i tillegg til ny avdeling i barnehagen, tek halvparten av neste års frie investeringar i Flora kommune.

DEL

Kanskje ikkje så veldig overraskande står bygda midt mellom Florø og Førde att som den store vinnaren i budsjettet som bystyret vedtok torsdag.

Endå meir

Og slik vil det nesten garantert verte også i åra vi har framfor oss. – Om då ikkje anboda på skulen skulle sprenge alle rammer når dei kjem inn i mars, og gje politikarane såpass kalde føter at dei revurderer heile prosjektet.

– Det har eg lita tru på kommenterer Anders Ole Sunnarvik, Ap sin talsmann i budsjettdebatten i bystyret. Men i denne samanhengen også leiar for grendelaget i Eikefjord.

– Bygda kan få ein blåmåndag om anboda skulle gå til himmels??

– Dette går bra. Eg har ei sterk ryggmargkjensle. Dette har kommunen sin prosjektleiar Jeiki Jegathesan, svært god kontroll på, svarer Sunnarvik.

Barnehagar kjem

Heile bystyret står bak vedtaket som samla vil investere over 35 millionar kroner i Eikefjordbygda av ei ramme av såkalla fri midlar på 71 millionar kroner medrekna moms. Vel 25 millionar kroner av dette gjeld skulen. Resten, vel 8,6 millionar kroner er til barnehage, der heile prosjektet skal finansierast i 2014.

Men for skulen er dette er berre starten. Etter planen skal investeringane til skulen auke til nesten 38 millionar kroner i 2015, medan ramma for ferdiggjering i 2016 er på 28,4 millionar kroner.

I bystyret torsdag sådde Venstres Jan Arve Midtbø tvil om at dei store skule- og barnehageinvesteringane i Eikefjord, i neste runde kan gjere det vanskeleg å få bygt ny barnehage på Knapstadmarka i Havreneset: Eit prosjekt som har vore ordførar Bengt Solheim-Olsen si store flaggsak.

– Eg trur dette mest var eit hjartesukk frå Midtbø si side. Eg kjenner meg trygg på at vi skal greie å få bygt barnehagen på Knapstadmarka. Arbeidet her held fram målretta. Vi vil få økonomiske utfordringar framover Derfor må vi halde fram med stram økonomisk styring, og derfor set og vi i gang eit prosjekt som skal spare inn minst 20 millionar kroner på drifta til kommunen, svarer ordføraren.

Fleirtalet i bystyret, det vil seie H, V, Frp og KrF-blokka, vil og konkurrurranseutsette både reinhald og bygg og vedlikehaldstenestene til Flora kommune, i håp om at dette skal kunne spare inn på drifta.

Artikkeltags