Her ser vi Sigmund Larsen snakke til besøkande.
Lars Olav Rylandsholm.

Verdas største vikingskip tek form

Båtbyggarane er i full gang med det store høvding-vikingskipet - som skal stå sjøklart i 2019.
Publisert

Det er det såkalla Myklebust-skipet, som vart funne i ein gravhaug på garden Myklebust på Nordfjordeid, er i ferd med å bli gjenskapt. Båtbyggarane er frå Bjørkedalen mellom Eid og Volda: Jakop Helset, og brørne Jakop, Ottar og Dag Inge Bjørkedal. I tiilegg er Rune Husevåg frå Eid med på bygginga, som foregår inne i ein rubbhall ved Eid sentrum.

- Vi i Kystlaget Hornelen bidreg med å ta oss av omvising. Det er ope for publikum eit par gonger i månaden. Når det det blir jobba på skipet er det lite vits å ha besøkande her, sidan det er så mykje støy frå ulike maskiner, fortel Sigmund Larsen i Kystlaget Hornelen. 

Info om dette og anna på denne sida.

Myklebust-skipet var eit høvdingskip. I soga står det:

Rubbhall ved innfartvegen til Eid.

Rubbhall ved innfartvegen til Eid. Foto:

”Dei var mange og slitne, hærmennene som vende heim frå slaget ved Solkjel. I ærleg kamp om Fjordane hadde deira eigen mektige konge stupt for øksa til Harald Hårfagre.

Med trøytte og verkjande hender drog dei det mektige skipet i land og opp til Myklibolstadr.”

- Den avlidne høvdingen vart brent saman med skipet sitt. Etter at likbålet slokna, vart det dekka med sand. Det gjer at det har vore mogleg å rekne seg fram til storleiken på skipet. Det var eit klinka skip og klinikinga låg att i sanden, fortel Larsen.

Ut frå klink-naglane har ein funne ut at skipet var minimum 25 meter langt og at det derfor kanskje er det største vikingskipet som er funne i kongeriket Norge. Det blei også funne ulike beslag, mastering og ei mengde skjoldbuler i gravhaugen, som blei gravd ut i 1874 av arkeologen Anders Lorange.

Saxe Bjørkedal.

Saxe Bjørkedal. Foto:

Saxe Bjørkedal

Det er Saxe Bjørkedal (90), som bur i Florø,  som har konstruert det nye langskipet. Saxe vaks opp med tradisjonsbåtar i Bjørkedalen. Han har gjennom ei lang karriere som skipsingeniør i Florø designa moderne farty som går i internasjonal trafikk på verdshava. Dei største var Panamax-skip på nesten 300 meter. Han har og jobba med fleire rekonstruksjonar av vikingskip og eldre tradisjonsbåtar tidlegare.
Når han blir spurd om kva som var viktigast av erfaringane frå tradisjonsbåtane og dei moderne handelsskipa når han skulle byggje modellar av Myklebustskipet, så kjem svaret kontant:

-Begge delar!

Ved fjorden

Her ser vi gravhaugane nær Eid sentrum.

Her ser vi gravhaugane nær Eid sentrum. Foto:

Den største av dei fem haugane på Myklebust i Nordfjordeid er Rundehogjen, som ligg på strandflata mot Eidsgata og fjorden, den er godt synleg fra riksveg 15. Arbeidet med å lage eit  opplevingssenter starta på 1990-talet. Dette kan bli eit nytt fyrtårn i opplevingsindustrien- ein viktig bidragsytar til  turist- og besøksnæringane. I 2008/2009 starta arbeidet for å realisere Sagastad opp att. Det vart etablert ei styringsgruppe som no har arbeidd fram eit grunnlag, både når det gjeld modell og planar for bygging av Myklebustskipet, tilgang til tomt og planar for bygningen.

Skaffe kapital

Arbeidet er i gang med å skaffe meir kapital- for å kunne reise bygget til opplevingssenteret.

I Nordfjord er det gjort fleire til dels store arkeologiske funn heilt frå steinalderen og fram til i dag. Det er likevel Myklebustfunna frå yngre jernalder som i all hovudsak vil vere fundamentet for Sagastad, som gjennom ulike utstillingar, aktivitetar, historier og forteljingar skal gje oss innblikk i ei interessant tid. Sagastad vil kunne ha informasjon og utstillingar også frå andre tidsepokar og funn i Nordfjord, men størst merksemd skal viast til Vikingtida i Nordfjord frå ca. 800-1100 e. Kr.

Slik kan Sagastad bli sjåande ut.

Slik kan Sagastad bli sjåande ut. Foto:

Sagastad skal vere eit kombinert viten- og opplevingssenter, og byggjast ved fjorden i Nordfjordeid sentrum. Ein sentral del av utstillinga i Sagastad er Myklebustskipet. Skipet skal byggjast i full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Skipet skal kunne seglast på fjorden, men vil store deler av året vere utstilt i og ein av hovudattraksjonane i Sagastad.

Senteret vil ha ei fast hovudutstilling, basert på følgjande tema: Myklebustfunna, Myklebustskipet og Nordfjorden. I tillegg vil senteret ha gjesteutstillingar om ulike tema, slik at det alltid vil vere noko nytt å oppleve også for dei som har besøkt senteret tidlegare.

Langt skip- no er heile kjølen på plass.

Langt skip- no er heile kjølen på plass. Foto:

Artikkeltags