- Ei ubeskriveleg kjensle av meistring

(Foto: )

Petter Aker og Eiliv Rosnæs rakk ikkje heilt over til andre sida, då dei prøvde seg på den 60-70 meter lange lina mellom staurane på Kinnaklova. - Det er ei ubeskrivelig kjensle å stå på ei line så høgt over bakken og klare å ta dei stega framover, sa Eiliv.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

- Å kjenne på høgden, vibrasjonane frå vinden under føtene og prøve å kontrollere psyken er ei utfordring, sa Rosnæs etter at han planta beina på bakken att. Stuntet på Kinn var akkurat slik Bareksten hadde sett føre seg: Sol, svak vind og eit mangfald av båtar både på aust og vestsida av Kinnaklova.

- Nett ferdig med rigginga

Rosnæs og klatremakkeren Petter Aker var nett ferdig å rigge då båtane byrja å straume på nedanfor Kinnaklova.

- Vi hadde eigentleg tenkt å komme oss ned, slappe av litt og ta ein matbit, men så byrja alle å komme, seier Aker.

Dei jobba med rigginga av lina til midnatt onsdag, og var ute etter att torsdag morgon klokka 10.00.

- Når ein har jobba hardt med rigging så lenge, i to dagar i strekk, er ein sjølvsagt sliten. Det gjorde nok at det var litt mindre krefter til å fullføre stuntet i kveld, seier han.

- At vi vart ferdig med rigginga så seint, var fordi det var vanskar med fjellet og ustabil stein. Men det førte samstundes til at vi ikkje fekk bli kjend med, og prøve ut lina, før publikum kom og vi skulle i elden. Derfor tok det litt tid før vi kom oss på beina. Det skal litt til før ein klarer å overbevise hjernen om at ein er sikker, at ein ikkje kjem til å falle i døden, seier han.

Men sjølv om stuntet gjekk heilt slik ein hadde planlagt, er arrangørane nøgde.

- Men herregud, det var utruleg kjekt og ei minneverdig oppleving for alle, seier Bareksten.

Bareksten er nøgd

Våt Moro-generalen Roger Bareksten sat spent med augo retta mot lina høgt over bakken då Aker og Rosnæs byrja å bevege seg ut på lina. I nervepirrande spenning og med hjartet i halsen satt dei som hadde samla seg på toppen av juvet og følgde med.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

- Kva gang dei datt av lina, kjende ein det suge skikkeleg i magen, sa Bareksten.

Sjølv om dei ikkje kom seg heilt over lina, er Roger nøgd med opninga av festivalen.

- Det byrja å blåse meir ettersom tida gjekk, og med ein slik vind var det vanskeleg for dei å gå, seier Bareksten.

- Lina er nesten dobbel så lang som dei vi vanlegvis går på, og må difor strammast ekstra kraftig. Det fører til at det vert sterkare vibrasjon i den, og når vinden kom var det vanskelegare, seier Eilif.

- Ikkje mislukka

Men å seie at stuntet var mislukka er ikkje mogleg. På slutten, etter at publikum hadde sett Rosnæs og Aker reise seg, falle av lina, og reise seg att, fleire gonger, klarte sistemann å stå støtt.

- Det var utruleg deilig å få den mestringskjensla når eg endeleg klarte å ta dei stega og stå oppreist utan problem. Det beviser at det går an, seier dei.

I morgon vurderer line-teamet på tre å prøve seg atter ein gong, denne gongen utan publikum og helikopter flygandes rundt.

Artikkeltags