Ei eldsjel utanom det vanlege

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: Svelgen Turn- og Idrettsforeining hadde søndag årsmøte, og dette året var det på slutten duka for ei overrekking heilt utanom det vanlege – til Ingvald Ytrehus.

DEL

Ein handlaga skulptur i blått glas vart det store høgdepunktet på dette årsmøtet i STIF. Skulpturen er kalla ”ildsjelen”, og vert tildelt personar som har gjort mykje for ein organisasjon eller eit fellesskap, utan å tenkje på eiga vinning.

Gjennom 40 år

Ingvald Ytrehus, som denne kvelden fekk tildelt den unike skulpturen, har gjennom 40 år lagt heile si sjel i arbeidet i STIF og gjort ein innsats ingen andre har sett maken til. ”Utan han hadde ikkje STIF vore det det er i dag”, vert det sagt, og ein tviler ikkje på at det stemmer.

Idrettsmann utan like

Ytrehus har, sidan han deltok på sitt første friidrettsstemne som 14-åring, 95 gull-, 38 sølv- og 28 bronsemedaljar på samvitet. Han var aktiv idrettsmann heilt fram til 2000, då han gav seg med aktiv idrett grunna ein hofteskade. Innan friidrett har han også trena fram fleire store talent, og han har i år vore trenar for den idretten gjennom 30 år. Bak seg har han også 31 år til saman som aktiv i styret.

Rørt

Mot slutten av årsmøtet var det Svein A. Sandvik, leiar i STIF-styret, som fekk æra av å dele ut skulpturen til ein svært rørt Ytrehus, som på si side fekk ei svært gledeleg overrasking. Han har tidlegare også motteke seks ulike utmerkingar for innsatsen sin for idretten både på klubb-, kommune-, krins- og forbundsplan, men dette er den mest unike. Den viste nemleg at Ingvald Ytrehus er ei ekte eldsjel.

Artikkeltags