Ei annleis 17. mai-feiring


Ola Martin Grotle (til venstre) og Bård Grotle reiste med "Haugefisk" til Shetland. I Scalloway la dei ned blomster ved minnestøtta for å heidre onklane sine som miste livet under 2. verdskrigen.

Ola Martin Grotle (til venstre) og Bård Grotle reiste med "Haugefisk" til Shetland. I Scalloway la dei ned blomster ved minnestøtta for å heidre onklane sine som miste livet under 2. verdskrigen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Mannskapet på MS "Haugefisk" drog til Shetland for å heidre dei som kjempa for fridomen vår under krigen.

DEL

Den gamle banklinebåten låg ved kai i Scalloway under markeringa av nasjonaldagen.

Blant mannskapet var Bård og Ola Grotle frå Bremanger. Dei la ned ein vakker bukett pryda med nyutsprungen bjørk frå heimstaden til minne om farbrørne sine, Ola Grotle og Bård Olav Grotle, skippar på kvar si skøyte som gjekk ned under krigen. To unge menn som ofra livet for landet sitt.

Dette gjorde sterkast inntrykk på dei mange som gjekk i 17. mai-tog til minnestøtta reist til ære for alle norske som hadde basen sin ved Scalloway på Shetland. Ingen plass kunne høve betre, så full av minne om kva fridomen kan koste i ei krigstid.

Statsminister Jens Stoltenberg var blant gjestene. Han heldt tale og la ned krans, og samstundes opna han nye Scalloway museum.

Under opphaldet hadde "Haugefisk" open båt med utstilling om bord, som vart sett av heile 650 besøkjande.

Artikkeltags