- Eg trur at lesarane forstår poenget mitt

Per Sandberg.

Per Sandberg. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Minst tre store faktafeil på to sider i sjølvbiografien sin er ikkje noko Per Sandberg tek så tungt.

DEL

Firdaposten ringer til Per Sandberg for å høyre korleis alle faktafeila har snike seg inn i boka «Mot min vilje». Her er samtalen:

- I boka skriv du om Svelgen.

- Kvar?

- Svelgen i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. For det første skriv du at familiesameining er den største kjelda til innvandring med om lag 12.000 personar i 2012. Same året kom det nesten 50.000 arbeidsinnvandrarar frå og utanfrå EØS-området. Tel ikkje dei som innvandrarar?

- At nokon får arbeidsløyve i Norge vil ikkje seie at dei faktisk buset seg i landet.

- Vidare skriv du at éin somalisk kvoteflyktning i Svelgen, han heiter forresten Hossein Ahmed Mayamuud, søkte familiesameining med tre koner og 22 born. Det er feil. Han søkte sameining med elleve born og éi kone. Kvar har du dine opplysningar frå?

- Frå Dagbladet. Ok, då stemmer nok ikkje desse opplysningane. Men vidare skriv eg at områdeleiar Snorre Sæther i UDI fortel korleis ein kan få fleire koner til Norge, nemleg ved å skilje seg frå dei etter kvart som dei kjem.

- Det stemmer, du skriv det i setninga rett etterpå. Vil ikkje det seie at du meir enn antydar at det er nettopp det somaliaren i Svelgen har gjort?

- Nei, poenget mitt er at det er kritikkverdig at Sæther i UDI gir oppskrifta på korleis ein skal få fleire koner til Norge.

- Vidare skriv du: «Rådmannen var fortvilet, for med 22 nye barn måtte kommunen bygge en ny skole». Svelgen har ikkje bygd ny skule og heller ikkje bygd på.

- Det skulle nok ha stått «måtte ha».

- Summa summarum, kva synest du om at det er så mange feil på to sider?

- Eg bruker kjeldene mine på same måte som journalistar gjer ukritisk.

- Så du synest at du har vore ukritisk?

- Dette er mi bok og mi forteljing. Det er sikkert mange fleire enn du som vil påpeike at det er feil i denne boka.

- Men det tar du ikkje så tungt, eller?

- Nei, eg trur at dei som les dette forstår poenget mitt.

- Kva er vitsen med å understreke poenget med eit eksempel, når eksempelet er på viddene?

- Eg ser ikkje vekk frå at dette kunne ha skjedd i ein kommune, dersom tilstrekkeleg mange blei busette.

Det har dessverre ikkje lukkast Firdaposten å kome i kontakt med Hussein Ahmed Mayamuud for å høyre kva han synest om å bli brukt som eit eksempel på noko som ikkje har skjedd.

«Dette er mi bok og mi forteljing. Det er sikkert mange fleire enn du som vil påpeike at det er feil i denne boka», seier Per Sandberg.

Artikkeltags