– Slikt skal berre ikkje skje. Vi som har heile hjartet vårt i Redningsselskapet tek dette svært tungt. Og det er inga tvil: Det er vår eiga leiing som har skapt dette klimaet. Og det er også dei som no må rydde opp, seier Ystebø, som tek heile situasjonen svært tungt.

I går fortalde Firda om ein ung gut, som blei utskjelt då han gjekk på dørene i Holmedal og selde kalendarar for Redningsselskapet - ein jobb som tidlegare var hyggeleg, men som no blir vanskeleggjort på grunn av den opprivande indre striden i selskapet.

– Når det har kome så langt at ungar blir utskjelte for ting leiinga har ansvaret for, så må noko gjerast. Selskapet har sjølvsagt eit ansvar, men eg vil også rette kritikk mot dei som skjeller ut små born når dei vitterleg bør vite at ansvaret ligg ein annan stad, slår distriktssekretæren fast.

– Har du tiltru til at den sitjande leiinga kan gjenreise tilliten?

– Det vil eg ikkje seie noko om. Men at det er ei leiarsak å rydde opp er det vel ingen tvil om.