Gå til sidens hovedinnhold

– Eg druknar i driftsdetaljar

Artikkelen er over 12 år gammel

Difor vil rådmann Tom Joensen omorganisere og tilsetje to nye kommunalsjefar.

Frå 1. mai skal det opprettast to nye stillingar som kommunalsjefar. Desse sorterer under rådmannen, og har det overordna ansvar for sine respektive fagfelt.

Gunnar Skjølberg, no kommunal rådgjevar, går inn som kommunalsjef med ansvar for oppvekst, PPT og barnehage.

Randi Ytrehus, no driftsleiar for barnevern, PPT og helse, går inn som kommunalsjef med ansvar for pleie og omsorg, barnevern og helsestasjon.

Rådmann Tom Joensen si sterke oppfordring til kommunestyret tysdag var klinkande klar: Bremanger må sjå framover, og ikkje berre tenkje drift frå dag til dag. Det vil seie at kommuneadministrasjonen må omorganiserast slik at leiinga har høve til å tenkje meir heilskapleg og framtidsretta.

Sjølv må Joensen handsame eit stort tal fagsaker, noko som gjer rådmannens overordna ansvar for å peike ut ein kurs vidare heller tungvint.

– Eg druknar i detaljar. Vi treng difor ei leiargruppe som gjer leiinga i kommunen i stand til å tenkje heilskap og som kan trekkje oss framover, fortalde han.

Dei strukturelle endringane vil bli gjort innanfor dei rammene kommunen har disponibelt.