Fleire køyretøy med problem på det glatte føret

GLATT: Denne traileren fekk problem med å kome seg opp Halbrendslia onsdag.

GLATT: Denne traileren fekk problem med å kome seg opp Halbrendslia onsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEG: Vogntoget som stod fast i Våtedalen er no berga og vegen er open. I Førde stoppar to trailerar trafikken på E39.

DEL

Snøvêret skapar kaos i trafikken onsdag, skriv Firda.

På E39 i Førde har eit tre falle ned på vegen ved Slåttebakkane. Der er det no redusert framkomst. Entreprenør har bede om assistanse av politiet som er på veg, opplyser Idar Sanggolt hos Vegtrafikksentralen litt før klokka 11.30.

Lenger nede står to trailerar fast. Den eine held på å legge om til kjettingar og det er lange køar, fortel fleire tipsarar.

– Utgangspunktet her var at ein entreprenør skulle rydde opp i eit rotvelte på E39. Han hadde sett på blinklys for å stoppe trafikken, men folk overheldt ikkje stenginga. Det skapte krøll og full stans i trafikken. Entreprenøren måtte ringe oss for assistanse. No jobbar vi for å få trafikken i gong att, seier operasjonsleiar Per Algerøy klokka 11.45.

Bil tok fyr på E39 – brannvesenet var på plass etter 12 minutt 

– Vi har også ein polsk trailer som har køyrt seg fast på fv. 614 i Magnhildsskaret. Den står i grøfta, så det er mogleg å passere, men vi reiser til staden for å sjå om han er skodd for forholda.

I Våtedalen står eit vogntog fast. Politiet er på veg for å hjelpe. Bilistar bør vere obs fordi vogntoget kan kome brått på. Det er også redusert sikt i området. Klokka 12.00 melder Vegtrafikksentralen at vegen er stengd i ein periode grunna bilberging.

Kl. 12.27 melder Vegtrafikksentralen at E39 i Våtadalen no er open for trafikk etter berging av vogntoget. 

Foto:

SNØKAOS: Bussen til Sogndal via Høyanger måtte også leggje på kjettingar på E39 ved Slåttebakken.

SNØKAOS: Bussen til Sogndal via Høyanger måtte også leggje på kjettingar på E39 ved Slåttebakken. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken