Her reddar gutane andemor og ungane hennar frå rushtrafikken

REDDA: her blir andemor og ungane redda over Markegata midt i rushtida.

REDDA: her blir andemor og ungane redda over Markegata midt i rushtida. Foto:

DEL

Fredag ettermiddag, midt i rushtida, gjekk det føre seg eit bitte lite drama i Markegata mellom samfunnshuset og taxisentralen i Florø: Andemor med sju ungar på slep gav seg ut på riksvegen i retning byparken, då bussjåfør Ivar Horstad fekk dokumentert det dramatiske augeblikket med mobilkameraet sitt.

– Eg kom køyrande med bussen eg køyrde, og såg at Karl-Arne Rimmen sprang ut i vegen for å stoppe trafikken som nesten held på å køyre over endene. Og det gjekk nesten gale, andemor var ikkje langt frå å bli køyrd over. Samstundes som Karl-Arne gjekk ut i vegen, kom tre gutar syklande, og dei målbevisste gutane slo ring om den vesle andeflokken og følgde dei over vegen, seier Horstad.

Verken Horstad eller Rimmen veit kven gutane er, men vil gjerne sende ei helsing til dei snarrådige, små redningsmennene.

– Dei er dei verkelege heltane her. Gutane dirigerte endene forsiktig over vegen, og eine av dei kraup til og med under bussen som stod der for å hente eine andungen som forvilla seg under der. Utruleg imponerande, seier Rimmen.

Artikkeltags