DumDum-furore for 2500

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

FLORØ: Presis 27 minuttar inn i laurdagen, etter halvannan times forrykande show, kasta Prepple Houmb seg ut blant 2500 ville fans i teltet på Amfi-plassen. Kystbyen fekk eit rockeshow dei aldri tidlegare har opplevd.

DEL

- Dokk må fortsætt å arranger storkonserta'. Då kjæm det fleir' båta, mer folk, det blir mytji liv å rør' i byen - og dokk tæne alle på det.

Det var ein opplagt Prepple Houmb sitt råd til rekordstore 2500 som stillte i teltet på DumDum Boys sin triumfturné som no feiar over landet, etter tidenes comeback med plata "Enhjørning".

Bandet gjekk på presis 23, og leverte halvannan times parademarsj med rock, som famna alt frå bandets første suksessar, til glansnummer frå den siste plata. Folk fekk "Englefjes", "Metallic hvit", "En vill en", "Lunsj i det grønne", og då ekstranummera drog i gang, først med "Enhjørning" og så "Splitter pine", tok teltet fullstendig av.

DumDum Boys læt akkurat så tett, presist og tøft som vi hadde håpa - og ikkje ein gong litt brumlete og vanskeleg teltlyd klarte å øydeleggje inntrykket av eit band som går utanpå det meste anna på det heimlege rockeberget.

I teltet og på Amfiplassen var det ikkje anna enn store glis å sjå. Trass i at to jenter måtte ha assistanse, etter å ha blitt klemt i hardaste laget framme ved scenekanten, gjekk arrangementet på skinner. Lite bråk, utruleg effektiv barløysing, og godt med sitjeplassar utanfor for dei som ønskte det.

Noko offisielt tal fekk ikkje Firdaposten i går, men vi spår at ein plass mellom 2000 og 2500 såg DumDum Boys i går.

Sjå blideserie og les meir i tysdagsutgåva av Firdaposten.

Artikkeltags