Dugnadsgjeng fekk krav om arkeologiske undersøkingar

Sørstrand skal bli Florøs badestrand og rekreasjonspark.

Sørstrand skal bli Florøs badestrand og rekreasjonspark. Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Det store dugandsprosjektet Sørstrand Folkepark blei møtt med krav om å betale for arkeologiske granskingar.

DEL

Men Flora formannskap har teke på seg ansvaret for å gjere opp. l fleire veker har eldsjelene til Sørstrand folkepark gått og irritert seg over eit krav frå Bergen sjøfartsmuseum om at dei i verste fall må ut med 127?000 kroner for marine arkeologiske undersøkingar i sjøområdet utanfor folkeparken. Dei har gått og frykta at dei har måtta ta innsamla midlar til utgravingane.

På frivillig basis har foreininga store planar for ei vidareutvikling av bade og park anlegget på Sørstrand.

I sommar er planane å bygge bruer til øyane utanfor.

Nyleg kom det like godt eit nytt og like stort krav pålydande 126?000. Denne gongen frå kulturavdelinga til Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Dei ser på området som spennande og krev at det skal gjennomførast tilsvarande registreringar på land. Det skjer i samband med at Sørstrand Folkepark no har i arbeid ein reguleringsplan for området. Prisoverslag 127?000 kroner.

Jan Henrik Nygård, gruppeleiar for Venstre, men og leiar for foreininga Sørstrand folkepark tok saka direkte til Flora formannskap. Signala frå ordførar Bente Frøyen Steindal og resten av formannskapet er eintydige. Foreininga må berre gå vidare med det arbeidet dei har i gang.

Les meir i papirutgåva av Firdaposten.

Artikkeltags