Du kan avgjere kor stor stranda skal bli

Espen Lothe, Magne Hovland, Marie Kronen Tveranger og Nina Liseth.

Espen Lothe, Magne Hovland, Marie Kronen Tveranger og Nina Liseth. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Det kostar 3,50 for ei bøtte med sand til Sørstrand Familiebadestrand - og stranda kan bli så stor folk ønskjer!

DEL

Innsamlinga til den nye familiebadestranda på Sørstrand er no i full gang.

- Innsamlinga har starta og Sparebanken Sogn og Fjordane har gjeve 50.000 kroner. For å greie første byggesteg, treng vi 40.000 kroner til. Då har vi nok til grunnarbeid, tilkomstveg, ei sandslette på ca. 250 m2 og litt fylling ut i sjøen.

Det fortel eldsjelene via Origo-sona Sørstrand Familiebadestrand

Du er med og avgjer kor stor stranda blir. Kor mykje sand vil du gje? Ei bøtte sand kostar berre ca 3,50 kr.

I sona Sørstrand Familiebadestrand kan du finne kontonummer for innbetaling av støtte, og lese info om dugnaden som skal vere på strandområdet måndag.

Artikkeltags