Dronning Sonja kom med flyet rundt klokka 19 onsdag kveld.

- Det offisielle programmet startar klokka ti torsdag, med ein rundtur i Florabassenget. Dronninga vil gå om bord i Sea Service som vil ta henne med på ein rundtur, og kjentmann og forteljar om bord blir Trond Strømgren, fortel Edvin Helgheim, prosjektleiar for byjubileet.

Litt før klokka 11 legg båten til ved Kystmuseet der ho får omvising. Mellom anna skal ho sjå fotoutstillinga til Robert Robinson, og ho vil òg treffe nokre skuleelevar som arbeider med båtar. Det er ikkje høve til å komme inn på museet under besøket, men ho kan sjåast når ho kjem i land og når ho dreg frå museet etter ein knapp time.

Folkefest på torget

Klokka 12 torsdag startar folkefesten på torget, og der er det barn og unge som skal stå for underhaldninga. Musikk, song og dans får dronninga oppleve saman alle frammøte, m.a. 900 ungar frå barneskulane i sentrum. – Dei skal vere med å synge to av Florø-songane for dronninga. Ordføraren skal helse frå kommunen, og dronninga helsar til folket i jubileumsbyen. Dette blir den delen av programmet som flest mogeleg har sjansen til å få med seg, seier Helgheim.

Om lag klokka 12.35 dreg dronninga med sjaluppen frå Fylkeskaia og tilbake til kongeskipet der ho skal ha ein pause.

Lunsj på hotellet

Om lag klokka 13.25 stig dronninga i land inst i gjestehamna og skal gå til Quality Hotell. Der blir det lunsj med ein del inviterte gjester, mellom anna politikarar og representantar for næringslivet og frivillige organisasjonar.

Om lag klokka 14.30 står alderssenteret Havglytt for tur.

Havglytt

Der skal dagleg leiar Laila Sørebø fortelje dronning om Havglytt, sangkoret "Sanglede" skal synge og Reidun Kårbø les dikt. Her skal dronninga òg ha ein prat med nokre av dei spreke pensjonistane som held til på Havglytt.

– Det blir eit avgrensa tal som får plass i festsalen, men det blir mogeleg å sjå dronninga frå salongen eller utanfor Havglytt når ho kjem og dreg, seier Helgheim.

Rundt klokka 15.20 dreg dronninga frå Havglytt, til siste posten på programmet, som er eit besøk på Fjord Base.

– Der vil dronninga bli orientert om den store aktiviteten på basen, om Statoil sitt logistikksenter og om drifta av Gjøafeltet. Litt over kl 16. er dronninga tilbake ved flytebrygga i Florø hamn der kongeskipet sin sjalupp ligg klar og ho dreg om bord. Dette blir siste gongen for å vinke til dronninga under dette besøket!, fortel Helgheim.

Kongeskipet på vika

I samband med Florøbesøket til HKH Dronning Sonja, har også kongeskipet Norge komme til Florø.

Kongeskipet blei gitt i gåve frå det norske folk til Kong Haakon VII i 1947. Det er H.M. Kongen som eig skipet, men det blir drive av Sjøforsvaret.

Det vakre skipet passerte Florølykta ved Nordnesmoloen klokka 07.30 i morgontimane onsdag og vil truleg reise vidare torsdag ettermiddag/kveld.

Her ser vi det ligg ankra opp ute på Florøvika der dronninga også har overnatta under besøket i jubileumsbyen.

Sjå program for dronningbesøket her: Onsdag kjem Dronninga