«Drømme-fusjon» for band og brass

HEFTIG: Band og korps og dei 100 i foajeen på Flora VGS storkosa seg i lag laurdag.  Foto: Dag Nesbø Frøyen

HEFTIG: Band og korps og dei 100 i foajeen på Flora VGS storkosa seg i lag laurdag. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Band med blåsarar i ryggen og korps med band i botn. Denne fusjonen gav ståande applaus i år igjen laurdag.

DEL

«Drømmekonserten» er støtta av Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Eit av kriteria for støtte er samarbeid med ein annan aktør. Inntektene dekker leige av lokale og annonsering slik at arrangøren ikkje har utgifter.

Dette er tredje året Floraskulen Brassband og representasjonsbandet til Flora Kommunale Kulturskule går i lag om å arrangere «Drømmekonserten».

– Det var veldig moro. Vi blir betre og betre på samarbeidet. Det er både lærerikt for meg og Eilif (Vårdal, lærar FKK) som arrangerer musikken, men også for ungdommane i dei to banda, seier dirigent Torgeir Halvorsen i Fsbb. No er konserten ein tradisjon. – Dette blir fast i november. Tre år på rad gjer det til ein tradisjon, seier han. Konserten har blitt noko kjekt utanfor det daglege.

– Eg veit at dette er absolutt eit av høgdepunkta i sesongen for korpset. For blåsarane å ha bandkomp er moro, og for publikum blir det også å oppleve noko nytt. Det er opplærande og lærerikt for alle. Nokre i bandet veit no at fleire dører opnar seg om ein nyttar notar, og blåsarane veit at ein ikkje kan stø seg på dirigenten, men lytte, skal soul låte bra, påpeikar dirigenten.

Artikkeltags