Politiet har starta avhøyr av drapssikta

FLORØ: Dei første par vekene etter knivdrapet var det ikkje mogleg å avhøyre den sikta 27-åringen. Men no er politiet i gang.

DEL

Politiet har starta avhøyr av mannen som er sikta etter knivdrapet i Florø i november.

Det skriv NRK torsdag kveld.

For andre gong i 2019 gjekk drapsalarmen i Florø 15. november, etter at væpna politi hadde rykt ut til ein privatbustad i Florø og funne ei livstrugande skadd kvinne i huset.

Ei 51 år gamal kvinne mista livet, og ein 27 år gamal mann er sikta for drapet.

Politiadvokat Eli Valheim seier at politiet har ei meining om hendingsgangen, men dei vil førebels ikkje seie noko om det, eller kva den sikta har forklart.

Artikkeltags