Sunnfjording må sone fengsel i 45 dagar etter pille- og hasjbeslag

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Einn sunnfjording i 50-åra må sone 45 dagar i fengsel etter at politiet beslagla 95 gram hasj og 129 rivotriltabletter som mannen oppbevarte.

I Sogn og Fjordane tingrett tilstod mannen alt. Han er både dømd og bøtlagd ei rekke gonger tidlegare for mindre saker, men dettte ligg langt tilbake i tid.

Oppbevaring av slike mengder Rivotril som mannen vart teken med, dannar grunnlag for minst 45 dagar i fengsel. Når det gjeld hasj, tilseier dette ei straff på 45 dagar. Med andre ord, Sogn og Fjordane tingrett meinte at ei straff på mellom 60 og 75 dagar ville vere dugande. Men mannen får soningsrabatt, sidan han tilstod.

Artikkeltags