Sunnfjording drakk 3-4 halvliterar med øl – køyrde til trening med 1,09 i promille

KRIM: Ein sunnfjording i 60-åra hadde mange ting på agendaen, då han sette seg bak rattet med alkohol i blodet.

DEL

Ein mann i 60-åra måtte møte i Sogn og Fjordane tingrett, tiltalt for promillekøyring. Bakgrunnen er at han, midt på lyse dagen i september, køyrde bil etter å ha drukke alkohol.

Følte seg edru

Mannen forklarte i retten at han hadde drukke 3–4 halvliter øl på morgonen, men at han følte seg edru då han fleire timar seinare skulle køyre bil. Vidare forklarte han at årsaka til at han køyrde bil, var at han skulle på eit møte med NAV, drikke kaffi på kjøpesenter og deretter på treningsstudio, men at han vart stoppa av politiet før han rakk å gjere noko av dette.

Det var etter eit tips til politiet, at politiet stoppa bilføraren og bestemte at han måtte ta ei blodprøve. Analyseresultatet viste ein promille på 1,09, og retten fann det dermed bevist utover ein rimeleg tvil at mannen var påverka av alkohol vesentleg over lovleg promillegrense på 0,2.

Erkjende ikkje straffskuld

Retten bestemte at passande straff var 30 dagar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. I tillegg må han betale ei bot på 15.000 kroner og klare seg utan førarkort i 22 månadar.

Mannen har ikkje erkjent straffskuld, sjølv om resultatet frå blodprøva talar imot han. Grunnen er at han følte seg edru, og at han ikkje forstår korleis alkoholinntaket tidleg på morgonen kunne føre til ein promille på 1,09 seinare på dagen.

Køyrde i tettbygd område

60-åringen er tidlegare dømd og bøtelagt for brot på vegtrafikklova, både for promillekøyring og for køyring utan gyldig førarkort.

Retten fann dette skjerpande for den nye straffa. Retten la også vekt på at mannen køyrde i tettbygd område på ei tid av døgnet der det ofte er ein god del trafikk.

Derimot var det formildande at strekninga han skulle køyre var nokså kort, samt at det ikkje oppstod faresituasjonar, utover risikoen ved promillekøyring.

Retten la også noko vekt på at alkoholinntaket var situasjonsbestemt, fordi mannen hadde motteke ein trist beskjed tidlegare same dag.

Artikkeltags