Misser lappen i eitt år og må betale 25.000 i bot for å ha køyrd medan han var rusa

DEL

Ein mann i 40-åra er dømd til ti dagar i fengsel, men slepp sone dersom han held seg på rett side av lova dei to neste åra. Han må og betale ei bot på 25.000 kroner, i tillegg misser han førarkortet i eitt år og må ta førarprøven på nytt for å få køyre bil att. Det etter at han tidlegare i år vart stoppa av politiet på Riksveg 5 mellom Florø og Førde.

Blodprøve teken av mannen litt seinare på natta gav utslag på Pregablin og THC. THC er eit av dei psykoaktive verkestoffa i cannabis, medan Pregablin er antiepileptisk medisin. Dosen han hadde i stoffet svarar til ein alkoholpromille på minst 0,5.

I Sogn og Fjordane tingrett tilstod mannen alt, det såg retten formildande på. Men i skjerpande retning skal alkoholpromille på over 0,5 straffast med bot og fengsel. Det er også allmennpreventive omsyn for å skjerpe straffa, og i tillegg køyrde han på ein jamt trafikkert veg.

Artikkeltags