Mann i 50-åra dømd for å ha køyrd med 1,97 i promille

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 50-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 27 dagar. Men han slepp sone om han held prøvetida på to år. Han må også betale ei bot på 17.500 kroner.

Det var i fjor mannen køyrde ein traktor, trass i at mannen var påverka av alkohol. Blodprøve teken av mannen viste ein alkoholkonsentrasjon på 1,97 promille. Han hadde heller ikkje gyldig førarkort for traktor. I tingretten tilstod mannen alt.

Normalt sett skal det dømmast fengsel utan atterhald og bot, dersom vedkommande har ein promille over 1,2. Men i og med at denne saka har ligge i over eit år før den kom for retten, slepp han sone.

Artikkeltags