Mann i 40-åra må i fengsel for grovt trygdebedrageri

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Løna arbeid eller ikkje, alt må meldast til Nav.

DEL

Ein mann i 40-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 30 dagar i fengsel for å ha gitt falske opplysningar til Nav. Mannen er domfelt fleire gonger tidlegare, mellom anna for brot på bokføring- og rekneskapslovgjeving.

Etter at selskapet hans gjekk konkurs, fekk mannen dagpengar gjennom Nav-systemet. Samstundes byrja mannen bygge opp att selskapet sitt att, og jobba meir enn 100 prosents arbeidsdagar med dette.

I tingretten presiserte mannen at han i samtalar med Nav informerte dei om at han kom til å jobbe ulønt med å bygge opp att selskapet sitt. Han spurde derimot ikkje kva dette hadde å seie for føring av meldekort. Og i retten erkjende han at han ikkje hadde ført opp timane han hadde jobba på meldekortet, der det er eit spørsmål som heiter «har du vore i arbeid dei siste 14 dagane?».

Sjølv hevdar mannen at han ikkje tok ut løn for dette arbeidet. Dette festar ikkje retten lit til, og viser til transaksjonar frå selskapet sin konto til mannens private konto. Dette meiner tingretten viser at mannen har teke ut løn. Men løna arbeid eller ikkje, Folketrygdlova seier at det i all hovudsak ikkje skal betalast dagpengar dersom ein jobbar ulønt.

Mannen erkjende ikkje straffeskuld i tingretten, og hevdar han ikkje har sett seg godt nok inn i informasjonen om dagpengar som han fekk hos Nav. Heller ikkje det festar retten lit til, og viser til at han var i hyppig kontakt med Nav og at det står tydeleg i brosjyren han fekk frå Nav korleis ein skal føre ulønt arbeid. Retten peikar også på at mannen har vist at utvilsamt er ein person som har orden i papira og som skaffar seg oversikt over kva ytingar han har rett på.

Sogn og Fjordane tingrett dømde mannen til fengsel i 30 dagar i fengsel. Han må også betale 56.400 kroner i erstatning til Nav.

Artikkeltags