Må sone to månder bak murane for grovt trygdebedrageri

FØRDE: Mannen skal ha svindla Nav for 237.000 kroner.

DEL

Ein mann i 40-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 60 dagar for grovt trygdebedrageri.

I litt over eitt år sende han inn uriktige søknader om dagpengar til Nav, der han hevda å ha jobba i til saman 636 timar. Sanninga var derimot at han hadde jobba i 1898 timar i denne perioden. I alt fekk han utbetalt 237.000 kroner for mykje. I tingretten tilstod mannen at han hadde svindla trygdesystemet med forsett. Hovudgrunnen var at han var i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Tingretten tok utgangspunkt i at eit trygdebedrageri av denne storleiken kvalifiserer til ein straff på 90 dagar. Men i formildande retning peikar retten på at saka har ligge for lenge i systemet. Saka har ligge i ti månader, noko som ifølge tingretten ligg nært opp til eit brot på menneskerettane. Sjølv om mannen har betalt attende alt han urettmessig fekk utbetalt, gav det ikkje den store strafferabatten.



Artikkeltags